Spørsmålet har blitt lansért via mange av mine Facebook-venner. Mange sarkastiske responsa har blitt publisert og ei håndfull seriøse tilbakemeldingar.
Folk sin respons har fått meg til å tenke på spørsmålet sjølv. Det har fått meg til å sette meg ned med pennen i hånda og den blå skriveboka framom meg: Kva tenkte egentlig Gud då Han skapte meg...?
Han skapte meg livsglad, kreativ og med inspirasjon til å skape. Han skapte meg med livsgnist. Motivasjon til å trene og til å inspirere andre. Han har skapt meg med stort hjerta fyllt av kjærlighet som reflekterer Guds kjærlighet...
For å vere heilt ærlig opplevdes dette som om det var min egen fantasi som skreiv ned alle dei positive orda på arket. Fokuset var dei orda som eg blei glad av. Ord som var positive og konstruktive. I øyeblikket valgte eg å trossa følelsane som tenkte at dette er egoistisk og merkelig, og fortsatte å skriva ned tankane eg fekk. Alle tankane!
Etterkvart utvikla lista seg til å verte eit skriv som minna om eit brev, dermed signerte eg skrivet med Pappa Gud, Din Skapar som elsker deg høgt!
Sykla ned til Starbucks Coffee i går med den mørkeblå notat boka godt plassert ned i veska. Medan eg drakk den ferske Americanoen henta eg fram boka og byrja å bla i sidene. Stoppa opp med 24 oktober og blei overvelda over orda som slo imot meg; Solveig, du er skapt nydeleg! Eg har skapt deg med god humor og eg har skapt deg... Smilet trena musklane i ansiktet mens eg las meg nedover sida.
Eg byrja å reflektere tilbake på desse tre vekene: Gnisten til å trene har økt og kreativiteten min er blomstra der eg får meir tru på det eg gjer. Det er skjedd eit skifte i tankemønsteret mitt utan at eg har gått inn for det.
Fokuset var Gud, kva tenkte du då du skapte meg? Frukten er blitt ein voksande delikatesse! Ord bygger opp og bryt ned, utan at ein nødvendigvis merker det!