onsdag 13. november 2013

Elske seg sjølv...

...på tross av...!

Har hatt ein super facinerande dag på skulen. Mange tankar som har surra i hovudet mitt og kjempa om oppmerksomheten. Nokon tankar har våre trivelige og fått meg til å smile, mens store delar av tankane har eg måtta væra bevisst på å ikkje gje oppmerksomhet. 

Så, når eg kom heim, holdt eg på til å eksplodere av irritasjon på meg sjølv. Følelsane mine flagda ikkje på full stang. Så eg lukka døra bak meg for så å være åleine.

Hadde eg vært utanfor meg sjølv, som ein venn, hadde eg valgt å elska Solveig. Eg hadde ikkje kjefta fordi ho var sur og lei, men eg hadde oppmuntra Solveig og valgt å elska ho. Eg hadde gitt ho positiv innflytelse for å hjelpa å klargjera tankane. 

Så...dermed var det berre ein ting å gjere... hente fram speilet og oppmuntre meg sjølv. 
Utfallet var konstruktivt. Kroppen og sinnet blei mykje lettare. Følelsen av å være sur og lei blei panta med fred og følelsen av å være tilfreds. 

Utfallet er gull-verdt. Eit positivt sinn skaper trivsel for ein sjølv og det skapte eit konstruktivt syn på dagens livssituasjon. 

No våger eg å forlate soverommet utan frykt for at dei eg bur med skal bli angrepet av den frustrerte Solveig. Dei skal heller oppleve å bli oppmuntra av ei Solveig som trives i kroppen sin og med livet sitt...!  

Har lagt ut video av dagens «Elske meg sjølv» til oppmunring. Kanskje dette er noko du også vil prøve over deg sjølv?! 

Good luck! 




PS! Dette er opptak etter stormen har roa seg og freden har inntatt min lille verden ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar